Øyene ytterst i havet

Av Andreas Bøe (1970)

Om kunstverket

Motivet er henta frå kysten, med øyer som ligg som fargeklattar i det blå havet. Kunstnaren seier sjølv dette om biletet: "Bildet er malt med laseringer, en teknikk jeg har tatt fra den danske maleren Jens Søndregård. Poenget var å få gjengitt opplevelsen av øyene som et diadem, og få farvene til å danne rom i bildet. Jeg arbeidet meget for å få til dette bildet, og det er helt spesielt i min produksjon." (Kjelde: Andreas Bøe, katalog 2004)

I 2004 opna Time kommune nytt galleri i Bryne mølle, vigd til kunstnaren Andreas Bøe (1916 - 2001). Kunstnaren var aktiv i over 50 år og hadde mange utstillingar både i Noreg og utlandet. To år før han gjekk bort gav han kunstsamlinga si til Time kommune; 51 maleri og rundt 20 grafiske blad, som han hadde samla gjennom åra. Gåva er spesiell, ikkje minst fordi den har fleire av hovudverka til Bøe, satt av gjennom 60 år. Den gir innblikk i eit livsverk, med ein kunstnar i stadig utvikling. Merk: Bøe-samlinga har permanent tilhald i Bryne mølle. Utstillingane varierer, nokre av bileta kan dermed vera utilgjengelege for publikum. OBS! Biletet er ikkje datert, men en malt rundt 1970.

Andreas Bøe

Les mer...

Relaterte artikler