Fredsdagen 1945

Av Andreas Bøe (1973)

Om kunstverket

maleriet er moderat figurativt og viser menneske som feirer ein freden i 1945. Kunstnaren seier sjølv dette om biletet: "Illustrerer gleden ved freden. Flagget er en blodig underbukse, som kvinnen hever for å markere at freden har seiret. En parallell til gleden ved å male. Figurene utgjør en masse i en bestemt bevegelse. Den enkelte figur betyr ikke så mye. Det hele dreier seg om bevegelsen i massen/gruppen, som uttrykk for kamp og seier." (Kjelde: Andreas Bøe, katalog 2004)

I 2004 opna Time kommune nytt galleri i Bryne mølle, vigd til kunstnaren Andreas Bøe (1916 - 2001). Kunstnaren var aktiv i over 50 år og hadde mange utstillingar både i Noreg og utlandet. To år før han gjekk bort gav han kunstsamlinga si til Time kommune; 51 maleri og rundt 20 grafiske blad, som han hadde samla gjennom åra. Gåva er spesiell, ikkje minst fordi den har fleire av hovudverka til Bøe, satt av gjennom 60 år. Den gir innblikk i eit livsverk, med ein kunstnar i stadig utvikling. Merk: Bøe-samlinga har permanent tilhald i Bryne mølle. Utstillingane varierer, nokre av bileta kan dermed vera utilgjengelege for publikum.

  • Kunstner:
  • Tittel: Fredsdagen 1945
  • Kategori: Billedkunst
  • År 1973
  • Stil: Figurativ
  • Materiale / medie: Lerret
  • Teknikk: Olje
  • Beskrivelse teknikk/medie Oljemaleri på lerret Malerkunst
  • Størrelse B: 150cm H: 110cm
  • Sted Bryne mølle
  • Plassering Andreas Bøe-galleriet, Bryne mølle 2. etasje

Andreas Bøe

Les mer...

Relaterte artikler