Om kunstverket
Kunstnaren seier sjølv om dette biletet: "Dette bildet ble malt etter "Sol og hav". Begge bildene tok meg bare ca to timer hver å male. Dermed fikk jeg med det impresjonistiske umiddelbare. Spenningsfeltet ligger mellom det blå og lyset bak. I komposisjonen er det elementer av fugler, dyr og annet." (Kjelde: Andreas Bøe, katalog 2004)
I 2004 opna Time kommune nytt galleri i Bryne mølle, vigd til kunstnaren Andreas Bøe (1916 - 2001). Kunstnaren var aktiv i over 50 år og hadde mange utstillingar både i Noreg og utlandet. To år før han gjekk bort gav han kunstsamlinga si til Time kommune; 51 maleri og rundt 20 grafiske blad, som han samla gjennom åra. Gåva er spesiell, ikkje minst fordi den har fleire av hovudverka til Bøe, satt av gjennom 60 år. Den gir innblikk i eit livsverk, med ein kunstnar i stadig utvikling. Merk: Bøe-samlinga har permanent tilhald i Bryne mølle. Utstillingane varierer, nokre av bileta kan dermed vera utilgjengelege for publikum.