• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Fra Provence VI

Av Andreas Bøe (1989)

Om kunstverket

I 2004 opna Time kommune nytt galleri i Bryne mølle, vigd til kunstnaren Andreas Bøe (1916 - 2001). Kunstnaren var aktiv i over 50 år og hadde mange utstillingar både i Noreg og utlandet.
To år før han gjekk bort gav han kunstsamlinga si til Time kommune; 51 maleri og rundt 20 grafiske blad.
Samlinga inneheldt i hovudsak maleri av Bøe, men òg verk av andre kunstnarar, som han samla gjennom åra. Gåva er spesiell, ikkje minst fordi den har fleire av hovudverka til Bøe, satt av gjennom 60 år. Den gir innblikk i eit livsverk, med ein kunstnar i stadig utvikling.
Merk: Bøe-samlinga har permanent tilhald i Bryne mølle. Utstillingane varierer, nokre av bileta kan dermed vera utilgjengelege for publikum.

Relaterte artikler