Transition Mirrors I, II

Av Marisa Ferreira (2018)

Om kunstverket

"Transition Mirrors I" er laga av stålspegel, malt i lysspekteret som er synleg for det menneskelege auget. Kunstverket kan på avstand lesast som ei mangefarga flate, men når me nærmar oss, vert biletet brote opp i mindre, einsfarga flater.
Verket er bygd opp som ein geometrisk komposisjon etter eit numerisk system, ofte tillagt den italienske matematikaren Leonardo Fibonacci (1170-1250). I "Fibonacci -sekvensen" er kvart enkelt tal i rekkefølgja basert på summen av dei to føregåande; 0 - 1 - 1 - 2 - 3 - 5 - 8 og så bortetter. "Fibonacci -sekvensen" er nært knytt til omgrepet "det gylne snitt", eit forhold mellom storleikar som vert rekna som det mest estetiske av alle, og difor i antikken vart sett på som guddommeleg.

"Transition Mirrors II" (120 x 160 x 25 cm) er òg laga av stålspegel, malt i blåtonar og komponert etter Fibonaccis geometriske system. Nokre av biletflatene vender oppover, for å reflektera sollyset og himmelen, medan side- og nedovervende flater bryt lyset og reflekterer omgjevnadene.

Tittelen "Transition Mirrors" (overgangs-spegel) viser til overgangen mellom korte og lange bølgjelengder, og kan sjåast som eit symbol på utviklinga elevane går gjennom i tida si på skulen.

Kunstverka reflekterer òg det unike i Jæren-landskapet og viser til lysets kraft i forhold til geografi og omgjevnadar. Kunstnaren ønskjer at verka skal gje rom for undring og læring, fremja respekt og oppfordra til utveksling av kunnskap og interesser. I refleksjonen frå spegelflatene kan ein òg undrast på kven ein sjølv er, og kva plass ein har i her på skulen, lokalt og i verda.

Relaterte artikler