Om kunstverket
"Å heller vil eg med augo sjå, enn dauv og blind gjennom verda gå og ikkje det sanne skilja!" (Haugtussa, Arne Garborg)
"Haugtussa" er eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Herborg Kverneland og Herborg Larsen, der Larsen har vevd motiva ut frå Kvernelands maleri og vevkartongar. Samarbeidet starta i 1997 og vart ferdig til Garborg-jubileet i 2001. "Haugtussa" består av fem teppe, der eitt vart innkjøpt til Bryne kunstforening si samling.