• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Kongo King

Av Petter Hepsø (2018)

Om kunstverket

I samband bygginga av nye Bryne ungdomsskule vart det sett ned ein komité for innkjøp av kunstverk. Kurator for komiteen var kunstnar Tanja Thorjussen. Det var eit uttrykt ønskje frå elevar og tilsette at kunstverka skulle spegle noko som var spesielt for kommunen.
På bakgrunn av dette fall valet på Petter Hepsøs skulptur "Kongo King" og Vigdis Fjellheims veggmaleri "Vind". "Kongo King" er ein humoristisk kommentar til elva "Kongo" som går gjennom Bryne sentrum. Skulpturen viser ein flodhest som står på hovudet og skal vise at det umulige kan bli mulig, både på skulen og i livet. Kunstverka vart avduka i 2018.

Relaterte artikler