Om kunstverket
"Dei tek einannan i dei varme hender, og stend så der og veit seg inkje råd..." (Frå Haugtussa, Arne Garborg)
"Haugtussa" er eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Herborg Kverneland og Herborg Larsen, der Larsen har vevd motiva ut frå Kvernelands maleri og vevkartongar. Samarbeidet starta i 1997 og vart ferdig til Garborg-jubileet i 2001. "Haugtussa" består av sju teppe.