Falling Out

Av Arne R. Garborg (2001)

Om kunstverket

Skulpturen er ei gåve frå Arne Garborgs oldebarn Arne R. Garborg, til Garborg-jubileet i 2001. Kommunen fekk fritt val mellom fleire skulpturar, og valet fall på «Falling Out», som hadde ein sterk symbolikk med tanke på familien kunstnaren kom frå. Det høva elles godt i Garborgåret å avduka ein skulptur av namnebroren til diktaren frå USA, dit dei fleste Garborgsyskena hadde utvandra.
Eit utval kom med forslag om plassering og valde området ved Sivdamsenteret. Skulpturen fekk sin plass på plenen mot sør på ein sokkel av brustein, og det er plassert ein plakett framfor skulpturen.

Relaterte artikler