All denne fagre utsyn

Av Hugo Frank Wathne (2001)

Om kunstverket

Gåve gitt til Time kommune av universitetslektor og filosof Arild Haaland (Bergen) i høve 150-årsjubileet for Arne Garborg. Kunstnaren Hugo Frank Watne tenkte at andletet skulle hoggast i ei steinblokk som fanst i marka, og skulle skoda utover diktaren sitt kjære Jæren, og mot alvelandet over havranda. Det var imidlartid ikkje mogleg å finna ein høveleg stein, så monumentet vart hogd hos Titania AS i Sokndal og frakta til Knudaheia.

Hugo Frank Wathne (1932 - 2017) fekk interesse for biletkunst gjennom sin far, og starta i pottemakarlære hos Emanuel Simonsen i Sandnes. Watne utdanna seg ved keramikklinja på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo, Statens Kunstakademi i Oslo under Per Palle Storm og Per Krohg, kunstakademiet i København under Gottfred Eickhoff og Académie de la Grande Chaumière i Paris. To år etter si første separatutstilling i Stavanger Kunstforening debuterte han på Vestlandsutstillinga i 1957. Kunstnaren er kjent frå ei rekkje utsmykkingar og verk i offentlege samlingar (Kilde: Wathne, Berit: Hugo Wathne i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Henta13. juli 2021 frå https://nkl.snl.no/Hugo_Wathne)

Hugo Frank Wathne

Les mer...

Relaterte artikler