• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Grisepurke

Av Skule Waksvik (1986)

Om kunstverket

I 1986 bestemte dåverande banksjef i Fokus Bank, Trygve Hjelle seg for å kjøpa Skule Waksvik (1927 - ) sin imponerande bronseskulptur av ei grisepurke til å pynta opp utanfor banken med. Figuren vart plassert utanfor inngangen, og har gleda mange i all si prosaiske prakt. Ikkje minst dei små har funne griseryggen og krøllhalen uimotståelege, noko den blankslipte ryggen og haletippen ber bod om.

Eit flott og ekte jærsk monument, til ære for eit dyr som har tradisjonar svært langt tilbake i regionen vår, og ei betimeleg påminning i den jærske «byen» om at den viktige og betydelege primærnæringa ikkje er langt unna og lever i beste velgåande.

Relaterte artikler