Om kunstverket
I 1986 fylte Time Sparebank 75 år. I det høve ville banken gje eit kunstverk til Time kommune. Dåverande banksjef Johan Magne Haga reiste difor til Oslo på leit etter ei passande gåve, og fann ein bronseskulptur av bilethoggaren Marit Wicklund (f.1945), som ho hadde kalla "Søstre". Skulpturen stod først ved Mølledammen, men då Fritz Røeds skulpturpark vart oppretta, blei "Søstre" flytta til det vesle torget midtvegs i Storgata. Nå er skulpturen flytta tilbake til grassletta ved Mølla (Tusenårsstaden), og inngår i Fritz Røeds skulturpark.