Arne Garborg

Av Fritz Røed (2001)

Om kunstverket

I høve Garborgjubileet i 2001 vart det teke initiativ til at kommunen skulle reisa ein statue av den store diktaren (1851 - 1924) i Bryne sentrum. Prosjektet vart støtta økonomisk av Time Sparebank og Time Mållag.

Oppdraget med å laga monumentet på Bryne Torg vart gitt til Fritz Røed og vart avduka av H. M. Kong Harald V. På sjølve sokkelen til statuen står innleiingsorda til Haugtussa:

«Til deg, du hei og bleike myr med bukkeblad, Der hegre stig og heilo flyr, eg gjev mitt kvad.»

Bilethoggaren Fritz Røed (1928 - 2002) vart født på Bryne i Time kommune. Som tolvåring flytta han til Oslo, der han studerte ved Statens handverks- og kunstindustriskole og ved Statens kunstakademi. Sidan vart det studiar utanlands, i Danmark, Italia og Frankrike. Størst inspirasjon fann han i Italiensk skulptur og kultur, bilethoggarane Martini, Marino og Manzu og karneval, Comedia dell Arte, Arte Povera og livsglede. Røed debuterte på Høstutstillingen i 1956 med to barnefigurar. Figurane viste Røeds tekniske dyktigheit innan eit tilnærma realistisk formspråk, inspirert av mellom anna den danske bilethoggaren Adam Fisher, som hadde stor innflyting i framveksten av det som seinere er kalla Nordisk Abstrahert Realisme. Røed har laga ei rekkje skulpturar i steingods og bronse. Uttrykket varierer frå det figurative til reint abstrakte former, ofte leikent og med eit blikk for det humoristiske og til tider burleske. Røeds mest kjende verk er truleg «Sverd i fjell» (1980-83), som står plassert ved Hafrsfjord til minne om slaget (ca. 850-900 e. Kr.). Time kommune eig mange skulpturar av kunstnaren og har òg ein Fritz Røed skulpturpark langs Bryneåna i sentrum av Bryne. Parken vart opna i 2004 og er realisert ved hjelp frå lokalt næringsliv, kunstnaren, Rogaland fylkeskommune og Time kommune. Parken hadde i starten ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik og er sidan supplert med verket «Watermusic», Skule Waksviks «Memento Mori»» og Marit Wiklunds «Søstre». «Memento Mori»» og «Vipa» er utarbeidd av Waksvik på bakgrunn av Røeds skisser. I samband med gjenopninga av parken i 2018 vart «Vipa» og «Liten sirkushund» flytta til Rådhuset. Brosjyre om parken får du i Servicetorget på Time rådhus, kor du òg kan få kjøpt postkort og plakatar med bilete frå parken. (Kjelde: Norsk kunstnerleksikon)

Fritz Røed

Les mer...

Relaterte artikler