Om kunstverket
Denne vesle skulpturen i bronse av sjølvaste karakterfuglen på Jæren, «vibå», var eigentleg tenkt som ein del av skulpturane i Fritz Røed-parken ved Mølledammen i Bryne sentrum. Fritz Røed laga ei skisse, men kom aldri så langt at figuren vart fullført, for Røed kom av ideen om ei vipe i Mølledammen, der ho nok elles må seiast å vera temmeleg sjeldan. Vipa ved inngangspartiet til rådhuset på Bryne er laga av vennen hans, Skule Waksvik og finansiert av Time Sparebank. Og kva er vel meir naturleg enn at den elegante fuglen, som òg er symbolet til Times kommunevåpen, heller står og ynskjer velkommen til Time rådhus og kommunen?
Skule Waksvik (1927 - 2018) var ein norsk bilethoggar. Waksvik brukte i hovedsak motiv frå naturen, dyr og kvinner. Mange av arbeida hans vart utført for offentlege rom.