Watermusic

Av Fritz Røed

Om kunstverket

Fritz Røed skulpturpark ligg langs Bryneåna ("Kongo") i sentrum av Bryne og vart opna 1. oktober 2004. Parken er realisert ved hjelp frå lokalt næringsliv, kunstnaren og Rogaland fylkeskommune. "Watermusic" er eitt av hovudverka til Røed og kjøpt av Time kommune frå tidlegare eigar.

Parken inneheld opprinnleg ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik, alle laga av kunstnaren Fritz Røed. Her er humor, alvor, leik og ettertanke. Livsglede i det enkle og det kraftfulle, og stort rom for meiningar og tolkingar.
Skulpturane lever saman med parken, med lyset, vêret og årstidene, og er ein unik attraksjon kvar einaste dag. Etter nyopninga av parken i juni 2018 inneheld parken nå også leikeapparat for barn, fontener, fleire benkar, bord og sitjeplassar. I samband med nyopninga vart òg "Vipa" og "Sirkushund" flytta til Rådhuset.
Parken er universelt utforma.
Brosjyre om parken får du i Servicetorget på Time rådhus, kor du òg kan få kjøpt postkort og plakatar med bilete frå parken.

Relaterte artikler