Den steilande hesten

Av Ståle Kyllingstad (1968)

Om kunstverket

I byrjinga av sekstiåra kom arbeidet i gang med å reisa eit krigsminnesmerke i Time.
Kunstnaren Ståle Kyllingstad (1903-87) fekk oppdraget med å utforma monumentet som vart avduka 17. mai 1968.

Minnesmerket består av ein steilande, trassig hingst i bronse på ein høg granittsokkel. Sokkelen har ein romersk sigerskrans og "1940 - 1945" hogd inn i fronten. På sida står dei siste linjene frå det sjette verset i Arne Gorborgs fedrelandssong Gud signe Noregs land frå 1878:

VÅR ELSK OG BESTE AKT
VÅRT LIV OG ALL VÅR MAKT
SKAL VERA NOREGS VAKT
TIL SISTE STUND

Hesten skal ikkje berre vera ein heider til dei som ofra livet sitt for fedrelandet, han skal og minna om fridom og sjølvstende, og heidra dei som har vore med og bygd Jæren.

Kvar 17. mai er det ei kort minnemarkering ved monumentet.

Relaterte artikler