Fritz Røed

Om kunstverket

Time kommune eig mange skulpturar av bilethoggaren Fritz Røed (1928 - 2002) og har òg ein Fritz Røed skulpturpark langs Bryneåna i sentrum av Bryne. Parken vart opna i 2004 og er realisert ved hjelp frå lokalt næringsliv, kunstnaren, Rogaland fylkeskommune og Time kommune. Parken hadde i starten ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik og er sidan supplert med verket «Watermusic», Skule Waksviks «Memento Mori»» og Marit Wiklunds «Søstre». «Memento Mori»» og «Vipa» er utarbeidd av Waksvik på bakgrunn av Røeds skisser. I samband med gjenopninga av parken i 2018 vart «Vipa» og «Liten sirkushund» flytta til Rådhuset. I Time rådhus er det òg fleire verk av kunstnaren i gangen mellom bygga. Brosjyre om parken får du i Servicetorget på Time rådhus, kor du òg kan få kjøpt postkort og plakatar med bilete frå parken.